
På oppdrag frå Vestland fylkeskommune/Tide har 07000 i Sunnhordland ansvar for tilrettelagt skuleskyss i deler av Stord og Fitjar kommunar. 07000 Sunnhordland har eit eige team som jobbar med skuleskyss. Skuleteamet er tilgjengeleg på telefon kvardagar mellom klokka 0700 og 1700. Det er også mogleg å senda ein epost direkte til oss.
Me vil presisera at me i 07000 berre kan svara på spørsmål som gjeld innvilga skuleskyss, med godkjend vedtak. Alle spørsmål om rettigheiter til skuleskyss, status på behandling av søknad o.l. må rettast til Vestland fylkeskommune. Bruk følgjande lenke til å finna informasjon om reglar for skuleskyss, samt kontaktinformasjon til fylkeskommunen: https://www.skyss.no/reise/skoleskyss/
Skjema for avbestilling av skuleskyss
-
Kvar søkjer ein skuleskyss?
- Det er fylkeskommunen og kommunen som fattar dei ulike vedtak som gjev rett til skuleskyss. 07000 Stord Taxi forheld seg berre til innvilga skuleskyss.
- Sjå no/reise/sk0leskyss/ for meir informasjon
-
Har me fått innvilga skuleskyss?
- Føresette kontaktar skulen for svar på status om skuleskyss.
- Skulane kan sjå status i saksbehandlingssystemet (Skyss Elev) – eventuelt må Skyss kontaktast på telefon eller epost.
- Sjå https://www.skyss.no/reise/skuleskyss/kontakt-skuleskyss/
-
Korleis fungerer skuleskyss med drosje?
- Elevar som har fått innvilga skuleskyss på grunn av lang eller farleg skuleveg må forventa å møta på eit fast avtalt møtepunkt, tilsvarande haldeplassar for buss, og venta på drosjen.
- Tilrettelagt skuleskyss med drosje baserer seg på samkøyring. Ein må difor forvente at fleire barn deler same drosje, nokre gongar sjølv om dei ikkje skal til same skule.
- Av omsyn til effektiv ruteplanlegging kan 07000 Stord Taxi leggja opp køyringa slik at elev leverast inntil 15 minuttar før skulestart, og hentast inntil 15 minuttar etter siste time.
- Hentetidspunkt heima vert fastsett av 07000 Stord Taxi, basert på skulestart samt den mest hensiktsmessige samkøyringa. Desse tidene er estimerte hentetidspunkt, og avvik vil kunne skje.
- Elevar med varige medisinske behov vert henta heima.
- Dersom ein elev har eit særleg behov for skyss frå dør til dør av medisinske årsaker, må skulen søkja om dette via fylkeskommunen.
- Dersom eleven ikkje er klar til fastsett tid vil drosjen køyra vidare, av omsyn til dei andre elevane på turen.
- For å kunne melde om forseinkingar morgon eller ettermiddag er me avhengig av å ha eit mobilnummer til skular og føresette. Dette kan meldast på epost til skuleteamet.
-
Kan ein få eigen drosje?
- Tilrettelagt skuleskyss med drosje baserer seg på samkøyring. Ein må difor forventa at fleire barn deler same drosje, sjølv om dei ikkje skal til same skule.
- Dersom det er fare for at eleven skadar andre passasjerar eller sjåfør, eller eleven av andre tungtvegande medisinske årsaker ikkje kan dela drosje med andre, så må dette søkjast om til Vestland fylkeskommune.
- Det er skulen som må søkja Skyss om dette.
-
Kan me senda endringar på epost?
- Innmelding og endringar i timeplan, adresser, telefonnummer og anna skal sendast til 07000 Stord Taxi via saksbehandlingssystemet (Skyss Elev), ikkje på epost.
- Ved fleire adresser må telefonnummer spesifiserast til kvar av dei i Skyss Elev.
- Rundt skulestart kan det vera inntil 14 dagars behandlingstid for skuleskyss.
- Start- og sluttid registrert i saksbehandlingssystemet Skyss Elev er alltid gjeldande for køyring.
-
Kvifor køyrar drosjen før eleven er klar om morgonen?
- Skuleskyss med drosje er erstatning for buss. På grunn av samkøyring med fleire elevar vil alle forseinkingar kunne føra til at elevane kjem for seint til skulen. Eleven må difor alltid vera klar til avtalt tid og stad.
- Dersom eleven er forseinka og drosjen har køyrd, vil det ikkje verta sendt ny drosje utan at dette vert betalt av bestillar. Når det gjelder skuleskyss, bør ein tenkja på drosjen som ein «skulebuss».
- Av omsyn til samkøyringa kan ikkje drosjen vente lenge på elevar på kvar plass. For dette vil kunne føra til stadig aukande forseinking på turen, som igjen medfører at elevane kjem for seint på skulen.
- Av omsyn til effektiv ruteplanlegging kan 07000 Stord Taxi leggja opp køyringa slik at elev leverast inntil 15 minuttar før skulestart, og hentast inntil 15 minuttar etter siste time.
- For å kunne melda om forseinkingar morgon eller ettermiddag er me avhengig av å ha eit mobilnummer til skular og føresette. Dette kan meldast på epost til skuleteamet.
-
Føresette må reisa på jobb, kan drosjen koma tidlegare?
- Med utgangspunkt i skulestart og samkøyring vil 07000 Stord Taxi leggja opp ruta slik at den er mest mogleg effektiv.
- Transporten er lagt opp for at elevane skal rekkja skulestart, og tar ikkje omsyn til når føresette reiser på jobb e.l.
-
Kan drosjen henta elev tidlegare og/eller køyra til ein annan stad?
- Vedtak om skuleskyss gjelder berre mellom heimeadressa og skulen, og gir difor ikkje rett til å køyrast andre stader.
- Vedtak om skuleskyss gjeld berre vanleg skulestart og -slutt. Føresette må sjølv ordna transport til fritidsaktivitetar eller liknande.
- Ønske om transport til andre tidspunkt må bestillast og betalast av skular eller foreldre sjølv. Dette bestillast via epost, med ressursnummer, til skuleteamet hos Bergen Taxi. Me vil påpeika at dette er bestillingar som fell utanfor reglane for skuleskyss.
- Ved varig endring av timeplan må skulen søkja fylkeskommunen og/eller kommunen om aktuelle endringar. Vekentlege eller månadlege endringar reknast ikkje som faste endringar.
-
Kan storesøster eller ein ven vera med i drosjen?
- Det er berre elevar med gyldig vedtak om skuleskyss som kan vera med i drosjen.
- Skuleskyss med drosje er lagt opp slik at fleire elevar med gyldig vedtak skal kunne hentast på same tur.
-
Kva gjer ein når eleven har vorte sjuk og ikkje skal på skulen?
- Send epost til 07000 Stord Taxi så snart som mogleg på skule@bergentaxi.no
- Husk å også avlysa retur frå skulen dersom eleven har blitt sjuk og dratt heim tidleg
-
Kva skjer dersom eleven vert sjuk i løpet av skuledagen?
- For elevar som reiser med drosje må ein organisere transport heim sjølv.
- Eleven, dei føresette eller skulen kan ikkje endra tidspunkt for skuleskyss, dei kan berre avlysa transporten.
-
Eleven skal på avlastning, kvar gjev ein beskjed?
- Meldast til 07000 Stord Taxi på epost to vyrkedagar i forvegen, slik at ruteplanar kan oppdaterast.
- Merk at dette berre gjeld avlasting som allereie er godkjent av Skyss
-
Drosjen møtte ikkje til fastsett tid eller stad. Kva gjer me?
- Send tilbakemelding til oss på epost skole@bergentaxi.no
- Bruk gjerne kontaktskjema og send oss ris eller ros
-
Kan eleven ha med sykkel, ski eller liknende?
- Skulekøyring er basert på samkøyring, og elevar kan av plassomsyn berre ha med seg ein ryggsekk med skulemateriell.
Kontaktinformasjon skolekjøring 07000 Bergen Taxi:
Kontaktinformasjon skuleskyss 07000:
Telefon: 55 99 70 30 – Epost: skole@bergentaxi.no
Åpningstid telefon er vekedager 07:00 – 17:00
Siste kommentarer